← Begynn med utfordringa
Sveisar i arbeid hos Gjeraldstveit Mekaniske, gneistar frå sveisearbeidet i produksjonshallen
DAGLEG LEIAR — GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS / VOSS

Du skal ikkje halde hjula i gang.
Du skal bestemme kvar vi køyrer.

Dette er ikkje ei leiarstilling for deg som vil administrera ein ferdig plan. Du får eit solid industriselskap, dyktige fagfolk og mandat til å byggja neste kapittel.

Utgangspunktet

Selskapet starta i 1972. Produksjonen, kompetansen og kundane er på plass. No treng vi ein leiar som ikkje forvekslar stabilitet med stillstand.

Du kjem ikkje inn for å redda noko. Du kjem inn fordi potensialet er større enn dagens organisering.

Det du faktisk overtek

Eit solid selskap.
Eit uferdig potensial.

Du overtek:

  • Ein moderne produksjonshall med eige maskinpark, bygd 2016
  • 135 tonnmeter krankapasitet — den største i konsernet
  • Eit konsern i aktiv vekst, med fleire selskap etablert dei siste åra
  • Prosjekt som Tinghuset og Kulturhuset på Voss, stasjonane langs Bergensbanen, og gondolbygget til Voss Gondol
  • Ein fast kunde i energibransjen sidan 1988
Produksjonshallen til Gjeraldstveit Mekaniske, sveisearbeid går føre seg under ein 10-tonns travers
PRODUKSJONSHALLEN — BYGD 2016

Oppgåva er å byggja vidare på dette. Du får stor fridom til å påverka selskapet si retning — og du blir samtidig bindeleddet mot dei andre selskapa i Gjeraldstveit Holding.

Dette må du tåle

Ansvar før du har alle svara.

Du får korte avgjerdsvegar, tett eigarskap og stor påverknad. Det betyr òg at du ikkje kan gøyma deg bak prosessen når ei avgjerd blir vanskeleg.

Samtidig med denne stillinga søkjer vi ein byggingeniør/prosjektleiar, som skal styrkja kapasiteten innan prosjektering, prosjektoppfølging og kundeutvikling. Det tyder at du er med frå starten på å forma kven som blir ein del av leiarteamet ditt.

Saman skal de vidareutvikla ei bedrift med over 50 års historie — og leggja grunnlaget for dei neste 50.

Kven som lukkast her
Ansvarsområde

Du har leiarerfaring frå industri, bygg eller prosjektverksemd. Men tittelen din er mindre interessant enn mønsteret ditt: Du tek ansvar, prioriterer hardt og får flinke folk til å dra i same retning.

Du treng ikkje kunne alt første dagen. Du må vera trygg nok til å bruka kompetansen som allereie finst — og tydeleg nok til å endra det som ikkje fungerer.

Dette er ikkje for alle

Du får mandat. Då får du òg konsekvensane.

Dette er feil rolle dersom du vil ha avgjerdene ferdig kvalitetssikra av eit hovudkontor før du tek dei. Her er avstanden mellom val og resultat kort.

Det er risikoen. Det er også heile moglegheita.

Ikkje send CV enno

Dei neste fem åra i konsernet er alt lagt — nye bygg, nytt utstyr, nye selskap. Detaljane står ikkje i denne annonsen. Ring, så fortel Narve deg kva som kjem.

Ring Narve.

Ring +47 41 67 80 80 →
narve@gjeraldstveit.no Brynaskogen 9, 5705 Voss
Ein samtale forpliktar ingen

Men ho kan endre retninga di.

Du har truleg ein god jobb allereie. Det er nettopp derfor vi vil snakke med deg. Ring før du bestemmer deg for at dette ikkje er aktuelt.