Ledige stillingar | Gjeraldstveit Mekaniske AS

Ledige stillingar

Ledige stillingar

Gjeraldstveit Mekaniske AS

Gjeraldstveit Mekaniske AS

har røter tilbake til 1972 og har vore i stor utvikling dei siste åra når det gjeld produksjonskapasitet og prosjektgjennomføring. Me produserer og leverer stål og aluminiumskonstruksjonar til bygg, anlegg og industri. Gjeraldstveit Mekaniske AS er godkjent opplæringsbedrift.

Du må ikkje nødvendigvis ha fagbrev i mekaniske fag, men gjerne erfaring. Me søkjer med andre ord etter flinke, tilpassingsdyktige arbeidsfolk.

Søknadsfrist: Fortløpande

Byggingeniør

Gjeraldstveit Mekaniske AS er i utvikling og søkjer ein erfaren byggingeniør til prosjektering og teknisk oppfølging av stålkonstruksjonar og industriprosjekt. Vi jobbar med alt frå spesialtilpassa produksjonar til større konstruksjonar for industri og entreprenørar.

Vi ser etter deg som har solid erfaring, god teknisk forståing og ønskjer å bidra i eit kompetent fagmiljø med høg gjennomføringsevne.

Søknader blir vurderte fortløpande.

Lærling i Platearbeidarfaget

Gjeraldstveit Mekaniske AS satsar på ungdomen og søkjer lærling

Er du pågangsvillig, nysgjerrig og klar for å utvikle deg i eit framtidsretta fag?

Hjå oss får du:

  • Praktisk arbeid i moderne verkstad
  • Gode kollegaer som løfter deg
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare karriere
  • Ein arbeidsplass med driv og godt arbeidsmiljø

Send søknad til: post@gjeraldstveit.no

Eller kom innom for ein prat!

Kontakt for meir informasjon

Dagleg leiar
Tommy tlf: 99 24 21 44

Ingeniør 
Pete tlf: 47 96 77 03

Søknad med CV sender du til

post@gjeraldstveit.no

Kontakt oss

Har du spørsmål vedrørende noen av våre tjenester eller produkter? Ta kontakt for en uforpliktende og hyggelig prat.

Brynaskogen 9, 5705 VOSS
Telefon: 990 46 769 / 56 51 25 29
E-post: post@gjeraldstveit.no